Opplev Frikar på torsdag
Rjukan vgs får torsdag 25.mars besøk av dansekompaniet Frikar, ikke minst kjent fra fjorårets Melodi Grand Prix-seier. Alle elever er invitert.
Forestillingen "The Snuff Grinders" med dansetroppen Frikar kommer til skulen som en del av Den kulturelle skolesekken – en nasjonal ordning som skal bidra til at alle skoleelevar får møte profesjonell kunst og kultur av alle slag.
Alle elever som ikke har utplassering på torsdag deltar.
Undervisningen går som vanleg mot slutten av dagen.
Sakset fra Telemark Fylkeskommunes "kulturskatten":
http://www.kulturskatten.no
THE SNUFF GRINDERS er den fyrste danseoppsetjinga som foreiner dei akrobatiske dansane hallingdans (Norge), break dance (USA) og capoeira (Brasil.) Alle tre tradisjonane snurrar på hovduet, noko dei gamle hallingdansarane kalla for å mala snus, ergo navnet på mannskapet. Då hallingdansar og FRIKAR-gründer Hallgrim Hansegård flytta til Oslo i 2005 var hallingdansmiljøet i byen så lite at han oppsøkte capoeira- og breakemiljøa for å trene. Eit tett vennskap oppstod med akrobatiske bevegelsar som eit felles språk, og i 2007 stod THE SNUFF GRINDERS fyrste gong på scenen på Studentersamfunnet i Trondheim. Sidan har crewet opptredd på bla.a. Ekstremsportsveko på Voss, Vinjerock i Jotunheimen og for kulturhovudstaden Stavanger 2008. - "Det artige er at vi funkar mykje betre på scena enn utanfor. I dansen kommunsiserer vi som vi skulle vore brør, medan vi verbalt knapt pratar same språk", fortel Hansegård. Gjengen har medlemmar frå Valdres, Oslo, Rio de Janeiro, Cape Verde og Ulvik. I tillegg til å vera dansarar spelar nokre av dansarane hardingfele og berimbau, eit brasiliansk strengeinstrument. Andreas Ljones frå FRIKAR spelar hardingfele, el-fele og munnharpe, medan Andreas Bratlie frå FRIKAR, spelar tromme og beat boxar. I forestillinga blir publikum tekne på ei reise frå ein "dirty" flyhangar til krasjlanding i Jotunheimen, Rio de Janeiro og New York. Videoforteljingar og animasjonar bind forestillinga saman slik at dansarane kan konsentrere seg om autentisk og virtous dansing. Utøvarane er av dei absolutt mest meriterte innan sine sjangrar i Skandinavia.
Medverkande:
- Marcus Andreassen - Breakdancer
- Jose Moreira - Capoeirista
- Edmundo Nesto Costa Lima - Capoeirista
- Silje Onstad Hålien - Hallingdanser
- Sigbjørn Rua - Hallingdanser
- Andreas Bratlie - Trommeslager
- Erlend Viken - Felespiller
-
Marie Klåpbakken - Felespiller


